... er ei av mange spanande verksemder i det kreative samlokaliseringsmiljøet
Fabrikken i Lillehammer.

Knut Laasbye, Gulaprent

Knut Laasbye – dagleg leiar av GULAPRENT

Gulaprent samarbeidar med:

in2it media

GULAPRENT held til på Lillehammer, men vart etablert i Eivindvik i Gulen kommune på Vestlandet i 1998. Vi utfører profesjonelle og rimelege grafiske tenester for private og offentlege verksemder, lag/organisasjonar og einskildpersonar. Vi vil gjerne invitere deg til å ta kontakt dersom du eller verksemda di har ynskje om ein samarbeidspartnar på områda

Råd og rettleiing

Tek du kontakt med oss, kan vi saman vurdere kva verksemda di treng av materiell i sitt informasjonsarbeid. Anten det gjeld ei einskild sak eller ei total informasjonspakke for verksemda, ynskjer vi at du skal få nett det du treng.

Vi hjelper deg også til å velje riktige løysingar i høve til trykkeri, Internett-tilknyting og anna som er aktuelt i informasjonsspreiinga for di verksemd eller din organisasjon.

På sidene våre har vi valt å presentere nærare nokre av dei tenestene vi utfører.

På dei neste sidene kan du få inspirasjon og idear til kva som kan vere aktuelt for deg, di verksemd eller din organisasjon.