grafisk formgjeving, web-/e-bokdesign og teksthandsaming.

Både nye og veletablerte verksemder – store som små – treng ein heilskapleg profil.

Formspråk, språkform og andre ulike uttrykk bør utgjere eit heile som gjev identitet og skapar interesse hos målgruppene.

Grafisk design

GULAPRENT Vi kan hjelpe til å legge til rette for ein heilskap mellom trykksaker til informasjon eller presentasjon, e-bøker, web-sider, annonsar, plakatar, visittkort, logoar, design for bøker, CD/DVD og emballasje, eller anna som du, verksemda di eller organisasjonen din skal profilerast gjennom.

Likeeins kan vi gjennom formgjeving hjelpe organisasjonar, foreiningar og lag å framstå slik at interesse og mål som eit hele vert spegla på beste måte. Brevpapir og konvoluttar, diplom og kursbevis, plakatar, billettar og løpesetlar – alt dette børe vere din organisasjon.

Som einskildpersonar har vi alle til tider trong for trykksaker som skal fortelje noko om kven vi er: visittkort, invitasjonar, songar til bruk i bryllaup, gravferder, konfirmasjon eller andre festlege lag, klistremerke, bordkort, takkekort, t-skjorte med personleg motiv, preg på koppar og kar ...

Språk

Når produkta først er laga på eitt språk, er utviklingskostnadene lave for å gjere dei tilgjengelege på fleire språk/målføre. GULAPRENT formidlar gode oversettingstenester.