Web-design
GULAPRENT hjelper små og mellomstore verksemder, organisasjonar og lag som ynskjer å få heimesider på Internett utan at det skal koste for mykje.
- Vi spesialiserer oss på design og redesign av enkle og funksjonelle websider uten for mykje «blinking og neonlys».
- Vi legg særleg vekt på fordelen som ligg i «krysspublisering» – samkøyring av trykksak- og websideproduksjon. Slik sparar ein utviklingskostnader, og slik vert di verksemd sin visuelle profil mest mogeleg heilskapleg.
- Vi overfører gjerne element av tekst og bilete frå trykksak til web, for ytterlegare å spare kostnader.
- Vi hjelper gjerne til med val av serverstad og oppretting av domene, og vi legg sidene ut på «nettet» for deg.
- Vi oppdaterer gjerne nettsidene for deg, eller vi kan lære deg å gjere det sjølv. Og vi stiller sjølvsagt opp dersom noko ikkje fungerer som det skal ...
- Vi hjelper også til med kopling mellom dine eigne og dine samarbeidspartnarar sine nettsider, slik at kundane dine kan finne mest mogeleg relevant informasjon om dine leverandørar.
TEKSTPRODUKSJONEN kan du overlate til oss. Vi møter deg og du fortel kva du ynskjer å informere om på nettsidene, og vi kjem med våre innspel. Så tek vi jobben med å leggje til rette tekst og bilete for Internett.
Når websidene først er laga på eitt språk, er kostnadene lave nå det gjeld å gjere sidene tilgjengelege på fleire språk/målføre. Gulaprent formidlar gode oversettingstenester.